31 dagar igjen

I dag er det nøyaktig 1 månad igjen av vidaregåande. Mi tid i vidaregåande opplæring er på hell. Og når ting er på hell oppstår det ofte travle tider. Ting som skal avsluttast, ting som skal feirast. (les om russetida over)

Dei tre åra på vidaregåande har først og fremst vore veldig kjekke. Men også masse jobbing, mykje skule og litt for mykje engasjement utanfor. Kan også kallast lærerikt.

No har vi kun ein tentamen igjen. Fysikk på onsdag.

Neste veke er det eksamenstid, med tre skiftlege eksamenar! Mandag, onsdag og fredag. Det blir hardt, men overlever nok. Håpar å komme opp i matte i tillegg til dei to norskane. Etter den veka er det to veker med ingenting (vi, (russebilgjengen) vurderer å stikke på tur til sverige då!) og så siste veka med muntlig eksamen. Då er det slutt. Finito.

Så er det 7 veker sommarfeire før eg startar på Nordfjord igjen :) men først skal eg i brylupp til Jørgen og Liv Inger. Det blir kjekt.

desember 2006
ma ti on to fr
1
2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19
20
21 22 23 24
25 26 27
28
29
30 31
img