Glade søsken

glade søsken

Bror Arne er så glad kvar julekveld

liv rigmor dansar

Og Liv Rigmor framfører ballettdans på juleafta, i nye klede

Ja, det er kjekt med søsken

Farfar 80 år

Siste helga i september fylde farfar 80 år og heile slekta var samla til feiring i Bergen. Dette var fyrste gong på 5 år alle var samla, som det vart ekstra kjekt å vere i lag. Onkel Dis, tante Leda og Viktor kom frå USA og onkel Helge, tante Anne og Annina og Catarina kom frå Sveits, og resten av folket i Norge kom også.

Heile slekta

Heile slekta

Sjølve dagen vart feira på Bellevue, ein fin resturant i Kallfaret litt utanfor Bergen sentrum. Stillfull plass og god mat. Frå familien vår fekk farfar ein fjellduk, då han ofte går aleine i fjellet. Noko som er veldig sprekt gjort, som 80 åring.

Det vart ei kjekk helg, og arti å sjå alle søskenbarna igjen. Her er alle samla:

barnborn II


nytt liv

på tide med litt oppdatering.

det har vore ein aktiv sommar, med mykje program!

no er eg tilbake på Nordfjord folkehøgskule, som stipendiat på friluftsliv/bre og fjell. Det travle dagar, men veldig kjekt. Mange nye namn og nye fjes, og det er ikkje altid like lett å halde oversikt. I morgo er det første lengre tur med klassen. Det blir bra


Nokre bilder frå sommaren

speidarleir

Speidarleir på Røros

bryllup

Bryllup til Jørgen og Liv Inger

gamme

Opningstur til gamma på Nordfjord FHS :)

Nytt kamera

Har endeleg somla meg til å fått meg nytt kamera no, og det vart eit digitalt speilrefleks av typen Canon EOS 350 D. Det kom i posten i går og det har sjølvsagt blitt ein del fotografering sidan det!

blomst

....blomst i hagen vår.....

Lodalen

....utsikt mot lodalen og skåla på dagens fjelltur....

arti med nytt kamera ja ! :)

Yrkisferie

Skulen er over og ferien har begynnt. Ganske deilig å vere ferdig med vidaregåande, sjølv om det var ei fin tid. Like etter muntlig var eg nesten ei veke i Skottland, på tur med Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Vi besøkte eit liknande utvalg og var med på deira fylkesting for ungdom. Intressant besøkt og arti å bli kjend m skotske ungdommar. Og naturen på vestkysten (der vi var) liknar veldig på naturen på vestlandet, med fjordar og småfjell.

No er det ferie i Stryn og for min del betyr det jobbing på Esso ei tid framover. Her går det i omlegging av dekk, lapping av dekk, oljeskift og liknande, i tilegg til alt det andre inne på stasjonen. Føle meg litt yrkis der eg luktar olje er sjeten overalt! Men det no kjekt og variert arbeid. Og greit å lære slike ting også!

15.-29.juli vert eg å finne på Fannaråken turisthytte i Jotunheimen. alle er hjarteleg velkommne på besøk! Fersk brød kvar morgon og nydeleg kringler til lunsj for dei som kjem opp :)

HARRY KLEIN

Dei siste vekene har vore prega av russefeiringa. Det har generelt vore veldig kjekt. I lag med 7 kompisa (inkl brodern) kjøpte vi russebil i mars. Ein chevrolet wan 91-modell til 22 000 kr.

Team Harry Klein
Stian, Kevin, Øystein, Torbjørn, Arne og Stig Arild. Eg og Dag Eirik var ikkje med på bildet.

For å spare pengar la vi folie på bilen. Også for å kunne lett ta det av, dersom vi ikkje skal selge den som russebil. Litt vanskeleg å få vekk lakk! Å legge på folie viste seg å vere eit omfattande arbeid. Vi rekna ut at vi brukte ca 70-80 arbeidstimar. Men det var no kjekt og sosialt. Folien var raud, og vi hadde blå fartsstriper. I tilegg ulike sponsorar, verdi 7100 kr totalt.

Resultatet vart ganske bra, ja beste russebilen i Stryn og kanskje i heile Nordfjord. I tillegg har vi eit rimeleg bra annlegg. Vi høyrer dunkinga FØR vi ser bilen komme. Det seier sitt.

Andre helga i mai var vi på landstreff for russen på Lillehammer. Det var mykje liv og mange bra konsertar. Ca 30 stk på Stryn som reiste. Og eit stort partytelt:

lillehammer

(Bilen vår er bak "teltet")

Harry Klein

Slik ser bilen ut, nesten ferdig.

I tillegg var vi på russetreff på Breim. Natt til 1.mai var vi i Førde. Og natt til 17.mai på Eid.

Og namnet på bilen er Harry Klein.

17.mai-tale

Eg holdt 17.mai tale i Olden i dag. Ei litt utradisjonell tale kanskje, men iallefall fri for det fargane i det norske flagg og historia til Wergeland.

Kjære Oldarar. Gratulera så mykje med nasjonaldagen. Alltid kjekt å feire 17.mai med slikt flott vårvær. Fyrst vil eg sei at eg syns Olden er ei flott bygd, med spesielt velstelte gardar. Sjølv har eg budd i Stryn i 3 år no og likar Indre Nordfjord svært godt. Naturen som vi har rundt oss, er verkeleg storslått med bratte fjell og veldige brear. Det er ikkje rart av turistane valfartar hit i hundretusental kvart sommarhalvår. Vi er heldige som har ein slik natur. Den er gratis, så ver flinke å bruke den.

17.mai er ein flott festdag, der vi feirar sjølvstenda til landet vårt. På dei nesten 200 åra som har gått sidan Eidsvolldagane i 1814 har landet vårt gått gjennom store strukturelle endringar. Frå ein situasjon som eit fattig jordbruksland og inngang til ei stor utflytting til Amerika, grunna dårlege levekår, er situasjonen i dag ganske annleis. Vår vellukka industri og demokratisatsing det siste hundreåret har ført landet vårt til verdstoppen. Oljeeventyret har gitt oss uana moglegheiter med over 1000 mrd på bok og vi er eit av verdast rikaste land.

Det sluttar ikkje her, fleire år på rad er Noreg av FN kåra til verdast beste land å bu i. Med gode velferdsordningar, låg arbeidsløyse, trygge lokalsamfunn og låg rente går Noreg som eit olja lyn og vi har svært god. Ja dokke er vel einige at vi ikkje har det så verst?? Den materielle velstanden har aldri vore så god, men er vi blitt meir lukkelege?

I den globaliserte og samanfatta verda vi lev i, syns eg det blir feil å kun fokusere på oss sjølve på ein slik dag. Vi har aldri vore så avhengige av kvarandre, og vi er ein viktig del av eit globalt fellesskap. Eg syns difor, at ved sida av å feire oss sjølve, at vi skal rette litt fokus ut av bygdene våre, mot dei som ikkje har det like godt som oss her i Noreg. Vi lev i ei verd med svært urettferdig fordeling av verdas ressursar og inntekter. Utanfor Noregs grenser, ser vi at over 1 mrd av verdas befolkning lev for under 1 dollar dagen. Tala om levekåra i ulike land i verda er nedslåande. Hadde eg vokse opp i det afrikanske landet Sierra Lione hadde eg hatt 15 år igjen å leve. Her er forventa levealder 35 år, mens den i Noreg er 79 år. Tilhøve som vi tar som ei sjølvfølgje her, er det stikk motsette i andre land. Til dømes i Etiopia har kun 24 % av Etiopias befolkning tilgang på reint vatn. Og kvar dag dør 40 000 born i verda på grunn av sjukdommar og underernæring. Sjølv om levekåra for dei fattige har betra seg dei siste åra, er det fortsett ille. Er det ei slik verd vi ynskjer? Vil ha ei slik skeiv fordeling av godene?

For eit år sidan, i påskeferien, var eg med på eit leiarkurs i afrikanske landet Kenya. Her fekk eg oppleve på kroppen dei tilstandane som mange menneske lever under. Kenya er rikt på natur- og mineralressursar, men på grunn av kolonitida og dårleg styresett, lev diverre fleire millionar i slummar utanfor byane. Dei fleste i ein dagleg kamp om å skaffe seg arbeid og mat. Vi besøkte ein av Afrikas største slummar, Kiberaslummen utanfor hovudstaden Nairobi. Her bur 2 millionar menneske. Dei fleste bur under skrøpelege skur og i falleferdige murhus. Gatene vi gjekk i mellom husa, var fylde av søppel og det lukta som ein grisefjøs. Med dårleg tilgang på reint vatn, dårleg økonomi og mange foreldrelause born, gjev det nye problem Hiv/aids og kvinneundertrykking. Denne dagen, då vi gjekk i dette området, gjorde eit sterk inntrykk på meg. Eg følte verkeleg kor urettferdig verda er og kor vanvittig heldig vi er som bur i fredsnasjonen Noreg. Vi har alle vunne i Lotto!

Ser vi tilbake i vår eiga historie har vi noko å lære av då ein rik amerikanar her til Olden i mellomkrigstida og hjalp fattige bønder her. William Henry Singer finansierte bl.a. store delar av Nordfjord sjukehus og vegen mellom Olden og Innvik. Ei historie dokke sikkert er god kjende med. På same måte som Singer hjelpte oss her i Indre Nordfjord, då Noreg på mange måtar var eit utviklingsland kan det vere på tide at vi blir ein "Singer" for fattige menneske i andre delar av verda. Med vår rikdom har vi ein moglegheit til å skape ein betre kvardag for tusenvis av menneske i fattige land, til dømes dei mange foreldrelause born i Kiberaslummen i Kenya. Sjølv om Ola Nordmann ikkje altid er så rik som han Singer, veit vi at alt monnar.

Eg meiner at vi må komme oss opp av sofaen og slutte å vere så vanvittig egoistiske her oppe i nord. Vårt private forbruk flyg til himmels og det er på tida å bryte denne konsumstraumen. Vi må vise ansvar for dei unge og borna våre som skal ta over denne jorda her etter oss. Både i fattige land, men også her heime i Noreg. Det blir gjort mykje bra for dei fattige nok, med det må meir til!

På denne festdagen vil eg gje ei oppfordring til dykk alle om at neste gongen de handlar på ein daglegvarebutikk, så kan de vis litt solidaritet. Tenk på den fattige bonden på høgslettene i Brasil eller Kenya, som får dårleg betalt for kaffien sin. Vi har då mogelegheit til å kjøpe varer som kanskje er litt dyrare enn vanlege billegprodukt, men som garanterer bonden ein fast mistepris og ein rettferdig handel. Desse produkt, til dømes merket Max Havelar er eit lite steg i rett retning, som kan hjelpe den lokale bonden til eit betre liv. Du kan både kjøpe rettferdige bananar, te, appelsinjuice og andre varer. Og viss ikkje butikken har det, så etterlys det.

Ein anna måte å konkret hjelpe på er å gje ein fast sum pengar kvar månad eller halvår til ein humanitær organisasjon, som driv mykje godt arbeid i u-landa. Ved å vere ein fast givar kan de forandre kvardagen til mange.

Men det viktigast er at de engasjer dykk for framtida til jordkloden vår. Forskarane er eintydige, vi kan ikkje fortsette den utviklinga, som kan gje voldsame konsekvensar for miljøet og samfunnet vårt. Utviklinga no er skremmande og vi gjere ei handling no, ikkje om hundre år. Difor er det ting som er viktigare enn bensinprisar eller lønnsoppgjer.

Eg vil ynskje dokke ei fortsatt fin 17.mai feiring. Kos dokke i lag med familie og gode vener. Nyt finværet og bruk naturen rundt dokke. Men tenk også over korleis du kan bidra i positiv for dei 1 milliardar menneska som lev for under 1 dollar om dagen.


Takk for meg.


Om å nyte og yte

Du skal ikkje berre kreve
og tru at andre har plikt
å skaffe deg alt for å leve,
slik tanke er moralsk svikt.
Dei andre det er dine brøder,
det er din far og din mor.
Ingen i verda føder
seg berre med store ord.

Arbeid og onn det skapte
vden velstand du lever på.
Menneske stridde og tapte,
som aldri fekk velstand sjå.
Det var for sitt barn dei streva,
dei gjekk sin offerveg.
Dette det var å leva,
leva for meg og deg.

Livet har inga meininga,
slik seier så mange i dag.
Men sjå deg i livsens eining
og sjå degi broderlag.
Alt som skal gro på jorda,
det må ein mann ha sådd.
Sådde du berre orda,
lykkja vart aldri nådd.

Tenkjer du berre på å nyte,
da går nok di lykke tapt.
Einkvan må ofte og yte
for såleis er livet skapt.
Du som er ung i verda,
vakker og vil så mangt,
her er det onn å gjera.
Livet er lyst og langt.

Hans Hyldbakk (f. 1898 - d.2001)

Kyrkjenibba i solnedgang
Kyrkjenibba i solnedgang

Saudehornet

Laurdag var det tid for nok ein topptur. Denne gongen nærare bestemt i Sunnmørsalpane på fjelltoppen Saudehornet (1303moh) , aust for Ørsta. Drog på tur i lag med Kristin frå folkehøgskulen og ein kamerat av ho, Andreas. Været var upåklageleg, ikkje ei sky på himmelen og strålande sol.

Brukte omlag 4 timar opp, inklusive mange solslikke-pausar og pausar til å nyte den fantastiske utsikta. Gjekk i opptrakka spor heile vegen. Siste bakken opp til toppen er ganske bratt, så her måtte vi ta skia på sekken.

på veg opp

(Andreas og Kristin sette igjen skia før denne bakken)

Vel oppe fekk vi ein fantastisk utsikt over heile Sunnmøre. Ikkje ei sky! Toppen i seg sjølv er rimeleg alpin, men kun eit par kvadratmeter topppunkt, og bratt ned på andre sida. Sjølv om det var luftig, var det ikkje noko vind, og vi kunne slå oss ned i snøen ei stund.

Sunnmørsalpane mot aust
(mot aust)

Turen ned att var veldig bra. Store parti med flott og djup pudder:):)

Andreas ned frå Saudehornet
(Andreas krusar nedover)

kristin
(Kristin er fornøgd:)

Dagen var topp. Beste topptur denne sesongen.

Etterpå vart det taco på hybelen til Kristin i Volda:)

Eit spesielt brev

Fekk eit spesielt brev her ein dag. Av den typen som akkurat ikkje er daglegdagskost. Brevet var nemleg frå kommunal- og regionaldepartementet, i frå sjølvaste statsråden! Inni konvolutten var det eit lite kort med nokre få linjer med handskift. Og underskreve av Åslaug Haga.

Du lurer kanskje på om dette brevet kom utan grunn... men så utruleg er ikkje denne historia. Eg og nestleiaren min i UPU (ungdomspolitisk utval) møtte altså Åslaug Haga i januar, då ho var på besøk i Songdal og holdt eit foredrag om ungdom og demokrati. I etterkant sendt vi ein epost til ho, med nokre viktig føresetnader for velfungerande ungdomsråd i kommunane. (som ho stilte spm om under foredraget)

Derfor var det arti å få svar, spesielt med hennar eiga handskrift. Kult.

ski i mørket

Det nydeleg været vil ingen ende ta, noko som eg set stor pris på. Dagen i dag var intet untak. Skyfri himmel, og sol heile dagen. Men måtte på skulen i dag og, og ingen mogelegheit for å komme seg vekk. Måtte gjere ferdig særemne og har endleg fått levert oppgåva mi. Godt å vere ferdig.
Etter to møter i Changemaker og Speidaren i ettermiddag og kveld, var det berre å komme seg ut og få seg litt frisk luft.

Smørte skia med blå voks og la iveg innover lysløypa ved skisenteret. Etter 2 km i lyset fortsette eg ut i mørket, men med god belysning frå månen. Klarte meg utan hodelykt heile turen. Flott stjernehimmel, gnistrande føre, 12 minus og ikkje minst heilt åleine. Ved eit par korte pausar var det berre å nyte stillheita og utsikta. Godt å vere heilt åleine. Kjenne pusten. Og gli bortover.

Fekk gått totalt 17 km i kveld på ein time og 20 min. Så det var nok ein fin skitur.

Onsdag blir det skidag og neste mandag får eg svar på søknaden om stipendiat på Nordfjord Folkehøgskule. Det blir spennade.



8 dagar på ski

I dag var det den 8.dagen på ski på rad. Rett og slett ein god periode, som veg opp for den elles dårlege vinteren. I dag var eg på skitur med speidargruppa mi. 13 5.klassingar hadde vi med. Fyrte bål, laga hopp og fekk gått ca 3 km, nesten opp på Tverrfjellet. Manglar ikkje på energi og vilje iallefall, så det er no kjekt.

Av desse 8 dagane har det blitt 5 langrennsturar (2 aleine, 1 m liv rigmor, 1 m speidaren og 1 med Torbjørn, og 3 toppturar (1 aleine på Hestefjellet, 1 med Arne på Hestefjellet , og ilag med Håvard Andre på Natakupa).

Har vore fantastisk vær denne siste veka. Stort sett klar himmel, kaldt og sol. Endeleg litt skikkeleg vintervær:)


stavar

Spørs vel litt om eg klarar å fortsette rekka. Blir vel vanskeleg når eg skal til Florø med tensing til helga, men men.

Topptur på ein vanleg skuledag

I dag var det rett og slett strålande vintervær. På veg til skulen, litt før 9, var det ikkje ei sky på himmelen, bitande kaldt og sola var komt på fjelltoppane. Etter to økter med matte og nyare historie klarte eg ikkje å sitte i ro lenger. Det var det alt for fint vær ute til. Sidan vi berre hadde ei økt med studietid og norsk etter lunsj, reiste eg opp til skisenteret og tok heisen til topps. Folka eg spurde om å vere med hadde anten ikkje tid eller så ville dei ikkje, så eg måtte gå åleine. Men det er no fint det og.

Eg la i veg inn Steindalen og vidare opp mot Hestefjellet, nord for Stryn Skisenter. Været var forsatt strålande og sola skein. Siste dagane har det komt ein del snø, så eg måtte pløye meg oppover med snø til midt på leggen. Etter 1 og 1/2 time nådde eg toppen på 1303 moh og kunne fornøgd sende rapport til mine klassekamerater på skulen, og var svært fornøgd med min situasjon. Dei hadde norsk og eg var på skitur:)

Utsikt mot vest, frå Hestefjellet
utiskt frå toppen mot Markane

Etter ein kort pause var det tid for å kruse nedatt. Føret var fantastisk heile vegen, med 20-30 cm pudder:) Vel nede i skitrekk tok eg meg eit par turar for å gjere dagen komplett og beina nok utkjørte.

Så til alle de som har vore på skulen i heile dag og ikkje vore ute i dette nydeleg været: I fjellet var det heilt greit. litt vind men nok pudder til å få strålande køyring nedover.

Ja dette var ein flott skuledag:)

Kjell Ø på skitur

loop

loop

fekk den i julegåve av brodern. svært god, og spesiell film som tar utgangspunkt i filosofen Arne Ness. Filmen føl 4 personar som har komt seg ut av "tidsloopen" og som lev eit "godt" liv, utan stress... Anbefalar filmen for alle som føler tida går fort, at tida ikkje strekk til og for dei som føler dei burde brukt meir tid på friluftsliv o.l.

Har i det siste følt meg litt som i ein slik loop. Føler eg må jobbe heile tida og er lite flink til å ta meg fri og gjere på andre ting, enn å drive politikk og skule og alt det andre.

Men neste år skal det bli andre bollar. Håpar å bli stipendiat på Nordfjord Folkehøgsskule. Mykje god erfaring og aktivt friluftsliv :)

bloggen til Dag Eirik

Må nok innsjå at min blogg er berre smårusk i forhold til Dag Eirik i klassa min sin blogg. Vil verkeleg anbefale alle til å ta ein tipp på denne sida, også kallt "livet på stryn VGS" Her kan du lese om det daglege livet på skulen min. Og her manglar det iallefall ikkje på godt humør. Så ta ein titt og få ein god latter:

http://www.vgb.no/5575/

(det er nok ein del intern humor, men arti likevel)

Og på laurdag var Øystein på framsida på VG nett: øystein på vg nett


Pudder på stranda


Stranda skuffar aldri og heller ikkje i dag. Med skyfri himmel og minus 10 grader la eg, Øystein, Sunniva, Åsne og Ingrid i veg noordover. Det var det ein flott vinterdag der sola viste seg eit par timar på sørsida, og gav litt varme til frosne ansikt.
Ein flott dag på Strandafjellet, vinterparadiset på Sunnmøre.

Sunnmøre 1

Sjølv om ein del av laussnøen var oppkjørt var det enda meir å finne. Inne i skogen og i bortgjømde parti var det fjørlette snøfiller til knehøgd å finne. Då var det berre å sette fart og kose seg nedover, rett og slett kruse. Skogen var også fin, spesielt i Blådalen (for kjende). Det vart ei par harde møte med diverse bjørker. Bl.a. Øystein hadde ein par minuttars kamp med ei einslig bjørk, men han vann tilslutt.

Ingrid som er rimeleg fersk på telemark, ville også prøve seg i laussnøen. Dei fyrste to svingane gjekk bra, men på tredje svingen sa det stopp og ho gjekk på tryne. Skia ville også bidra i fallet, og så ho kom blødande ned til resten av gjengen. Neste stopp vart då Røde Kors hytta og litt førsehjelp på eit kutt i hovudet. Men ho kom godt frå det og fekk eit fint panneband resten av dagen.

ingrid

Det skjer altid noko ekstra når vi er på Stranda. Før har vi kjørt i grøfta i innste Honndalen, dvs ein gal
sørlending møtte ein trailer, og vi har fått motorstopp midt i krysset mot Strandafjellet. Og dagen i dag var intet unntak.

Men dagen var fin og det vart mykje bra skikøyring.
Kjellis i farta


Fotograf Øystein er fornøgd, men sliten i rusten lårmusklatur etter ein lang dag.

øystein


Juleferien har vore særs bra sålangt, med to dagsturar til Stranda. Mykje god mat og masse selskap. Lysta på å bjønne på igjen med skule og alt det andre er på eit veldig lavt nivå. Skiboms resten av vinteren fristar veldig, men er vel lite realistisk. Derimot stipendiat på Nordfjord fhs neste år er meir realistisk, der det kan bli mange slike dagar. Leve lenge pudder og vinter :)

GOD JUL

Så var julafta der igjen.
Dagen mange har sett fram til i vekesvis, planlagt, stressa for, kjøpt pakkar til, pynta og venta på. Ein ganske hyggeleg dag. Rolig morning, med askepott og donald på tv. Deilig pinnekjøtlukt frå kjøkkenet. Ro i huset. Nypynta juletre og ferskt julebrød til lunsj. Ein far som er vekke heile dagen.
Juleafta blir vel som den altid har vore. Desverre ikkje like bra som då vi budde i Lærdal, der var det skikkeleg. Men det funkar no i Stryn også, bodskapet er det same, familien og. Tradisjonane har vi prøvd å ta med oss vidare, men det blir ikkje heilt det same.

Julestemninga har eg enno ikkje fått innover meg. Siste vekene har vore travle. Tentamenar, jobb og masse å gjere. Kun tre "fridaga" før jul. 9 timar jobb og øs pøs regnvær i dag.

Så var det plutseleg jul. Men håpar å kome i den rette julestemninga i løpet dagen. Gudsteneste vil sikkert hjelp og ikkje minst nokre ferske snøfiller.


julafta

Ynskjer dykk alle ei god jul :)

Rettferdig julegåve

Jorda er ein urettferdig plass. Fleire milliardar lev i fattigdom og har ein mykje hardare kvardag enn oss i rike Norge. 40 mill i verda er smitta av HIV viruset og mange døyr av AIDS kvar dag. U-land / i-land. Nord / sør. Rik / fattig. Høyrt leksa før?

Ja det har du sikkert. Vi er alle klar over realitetane jordkloda, om kor urettferdig fordelinga er og kor rike vi er i forhold til alle dei fattige. Så kva skal ein gjera, spør du deg kanskje også.
Er det vits å bry seg? -Lille meg kan jo ikkje forandre på noko så globalt som dette problemet.
Nyttar det å hjelpe? -Det er jo dei store selskapa som har makta og legg føringar for utviklinga.

Alt monnar, som det heiter. Det nyttar å bry seg.
Ein ting du kan gjere å gje ei rettferdig julegåve til Kirkens Nødhjelp. Ei julegåve til menneske som treng det så uttruleg mykje meir enn oss velhaldne nordmenn.

Eg har i år gitt 1000 kr til KN, av ein grunn: eg veit andre har meir behov for pengane mine enn det eg sjølv kunne har. Eg kunne ha kjøpt meg nye klede, nye gore-tex vottar, osv. Men når eg tenker meg om, så ja.... treng eg det ikkje.

Her kan du gje:
http://www.nca.no/article/articleview/5484//

Rettferdig julegåve





SNØ

Med over 1/2 meter snø utanfor soverommet mitt, er det endeleg noko som minner om vinter her i Stryn, sjølv om det desverre har smelta litt dei siste dagane. I helga hadde eg min fyrste dag på telemark, og gjett om det var bra! minst halvmeter pudder i skiheisen, flott vær og lite folk. var så vidt det gjekk framover utanfor løypene. God start på sesongen;)

Juleferien min starta i dag. Har ikkje vore så mykje ferie akkratt. Vasking av hus og ei heil seinvakt på Esso, og så var dagen over. Skjedde ikkje noko spesielt i dag heller, selde eit par dusin pølser og hamburgerar, og kassa var i pluss ved stengetid.

I går hadde vi juleball på skulen, som ei avslutning på halvåret. Underhaldinga var vel dårlegare enn i fjor (då vår klasse arrangerert) men klimasangen til Frikk Hugo var høgdepunktet. Så var det bort på Stryn Hotell og ete seg stappmett på min 3.julemiddag siste månaden. Fortsatt godt, men ingenting slår julafta heime..! Seinare på kvelden var det tid for swing, noko som er ganske kjekt.

Jaja...har enno ikkje kjøpt ein einaste julepresang. Bør vel nesten fikse noko i morgon. Men har no i det minste skreve ein par julekort, så får vel vere fornøgd med det. No var det mykje tørrprat her.

snart jul :)

Tusen muligheter eller ingen muligheter


Tentamen: Norsk fagdag

Jeg blar opp i søkerhandboken, studie på studie, side opp og side ned. Bioingeniør, lærer, lege, snekker, økonom, ja hva som helst. Master, eller årsstudium. Kontor eller frisk luft. Hva skal jeg velge, hva skal jeg bli? De store spørsmålene henger over mine skuldre. Jeg er forvirret, vet ikke hva jeg vil. Hva jeg vil satse på. Skulle jeg blitt industriarbeider, bruke kroppen min og være i aksjon hele dagen? Eller jobbe på et kontor med pc store deler av dagen?

Tom våkner opp til en ny dag. Småsøskene sover enda. Heldigvis, litt fred og stillhet, på en tidlig morgen. Solen har kun varmet i et par timer, det er enda svalt. Inne er det ikke lys, bare lysstråler som slipper inn gjennom døråpningen. Veggene er dekket av papir. Det stinker søppel, rotter, ja som i en grisefjøs, men Tom er blitt vandt til det. Det skjøre bordet er de eneste de har, i tillegg til to små madrasser. Det er lite mat i "huset", han må snart finne noe mer. Tom skulle snart vært på skolebenken. Han skulle lært å regne, lære bokstaver, leke…

Gut frå Kenya

Hjemme i Norge er det utdanningsmesse hele skoledagen. Skoler deler ut kataloger, "kom til oss", roper de. Vi har det beste miljøet, den beste utdanningen. Tilbudene er mange. Ja det er ikke lett å velge hva du vil bruke livet ditt på. Mange er usikre, har ikke peiling. Mange gutter skal først i krigen, i militæret. Gjøre sin plikt. Noen andre skal bruke et år på folkehøyskole. Bli kjent med seg selv og mange andre. Leve livet. Etter 12 års skolegang kan det være godt med en pause, med en annerledes skole. Uten karakterer og eksamenspress.

Lillesøskene våkner sakte, men sikkert. De sier de er sultne, det er lenge siden sist måltid. Den gamle onkelen til Tom har reist på arbeid for en time siden. Han blir borte hele dagen, som han alltid pleier. Han jobber hardt på en gård, i lag med mange andre menn. Lønnen er ikke den store, den skal forsørge Tom og Toms tre småsøsken. Foreldrene til Tom er døde. Derfor må gamle onkel jobbe hver dag og Tom må være hjemme. Tom skulle egentlig vært på skole, men er tvunget til dette. Småsøskene må passes, de kan ikke være alene.

Tom har ikke noe valg, han har få muligheter. Han ønsker å bli advokat, lære om rettssystemer og lover. En drøm han har hatt lenge. Onkel har fortalt om dette yrket, om alle jobbene han kunne få. Tom synes dette høres interessant ut, men han vet godt at dette blir med drømmen. Først må han komme seg på skole. De første årene er gratis, men så må han begynne å betale. Penger har han lite av og så lenge søskene er små har ikke tid. Når de blir store, er han nok for gammel til skolen, tenker han. Han må nok begynne å jobbe, hvis han finner seg arbeid. Skaffe seg en inntekt.

Tilbake i skoleklassen i Norge sitter mange og grubler. Noen vil jobbe et år for å spare opp penger. De vil ut å reise, oppleve verden. Alle kulturene og samfunnene. Så skal de studere økonomi, starte en bedrift og tjene seg søkkrik. Få en fet bil og et flott hus. Ja det er fullt mulig. Bare hard jobbing og beholde troen på seg selv.

Elevene i Norge har muligheten, vi har valgene. Alle dører er åpne, viss du bare vil, så kan du. Jeg kan velge og vrake fra øverste hylle. Men jeg er fortsatt usikker. Uansett vil jeg få en sikker inntekt, mat på bordet hver eneste dag og goder i massevis. De fleste utdanningene er også gratis. I tillegg får vi penger under utdanningen, flere titalls tusen i året. Vi får lønn for å gå på skole. Ikke dårlig. Vi er heldige.

Tom derimot har ikke mulighetene. Han er flink, han vil og han drømmer. Men sjansene får å realisere drømmene er få. Tom må fortsatt passe søskene sine, mens andre går på skole. Han har ikke penger, han er født i feil klasse og i feil land.

To ungdommer med drømmer, med hele livet foran seg. Likevel så ulike muligheter, så totalt forskjellige framtidsutsikter. To ungdommer på samme jord, men i to ulike verdener.

Den ene har tusen muligheter. Den andre nesten ingen muligheter.

Snart juleferie

No har eg kun to tentamenar før det endelig er juleferie. I dag hadde vi fysikktentamen, om gravitasjon, satelittar, magnetisk felt, krumlinja rørsler osv. Visste du at ein rakett må ha ein fart på minst 11000m/s for å sleppe unna jorda sitt gravitasjonsfelt for godt?! Gjekk iallefall sånn passe, ein del klussing, men håpar på ein god femmar. Fredag er det matte og tysdag kjemi. Tysdag kveld blir det juleball med skulen, så etter det er det fri:=)

Til helga blir det enda eit juleball med KFUK-KFUM, 2.juledag blir det ung messe med tensing og påfølgande juleselskap og 4.juledag romjulsgalla på Fjordly. Ikkje dårleg.

Veldig klar for juleferie. Utan skule, politikk og stress. Håpar på mykje skikøyring, iallefall ein del langrenn. Ikkje kjøpt julegåver endå, men men..



Engasjert

Møte om TV-aksjonen. Møte om samlokalisering av vidaregåande. Møte i Changemaker. Møte i Ungdommens Kommunestyre. Møte i Krinsstyret i speidaren. Møte, møte og atter møte. Organisere speidaremøte. Dele ut Nei til EU- aviser. Landsting. Skrive uttale om fylkesplan. Arrangere 62°nord. Holde tale.

Du er oppgitt. Du er lei alle plikter. Alle gjeremål. Alle avtalar. Alle møtene. Tek ikkje lista slutt? Klarer du ikkje sei nei? Seie nei til eit nytt styreverv, nye oppgåver, nye ansvar? Kvifor alltid farte rundt, på veg til ny avtale, til nytt møte? Kvifor droppe skuletimar og lese pensum på fritida?

Møte nye menneske. Lære av andre. Forstå samfunnet. Erfaring. Spenning. Utfordring. Viktig lærdom. Kunne uttale seg. Tolerere andre sine meiningar. Politisk erfaring. Forstå verda og urettferda. Hjelpe andre. Yte noko. Frivillegheit.

Å vere engasjert tek tid og krefter. Det er dårleg betalt i pengar, men du får tilbake i bøtter og spann i langt viktigare ting. Eit spennande liv.

7 dagar på 2068 moh

Fannaråkhytta i Vest-Jotunheimen er den beste turisthytta i Norge. I alle fall etter mi meining. Og den beste sommarjobben ein kan ha.

Tredje året på rad fekk eg tilbringe delar av sommarferien på Noregs tak. Jobb som betjening på Fannaråkhytta er heilt genialt og variert. Du lagar og serverer middag, bakar brød, står i oppvasken, vaskar golv, pratar med tursitane, selg sjokolade, fyller parafin… ja lista er lang. I tillegg fører eg på breen til sognefjellet, så litt frisk luft vert det også I lag med 3-4 andre gira og kjekke ungdommar/studentar utgjer vi staben. Sjefen er som oftast på jobb i Oslo, så vi er stort sett vore eigne herrar.

Fannaråkhytta ligg, for dei som ikkje er kjend, på ein fjelltoppen Fannaråken. Her er det berre stein, og atter stein. Alle vegar går nedover og utsikta er upåklageleg, dersom fint vær. Som oftast ligg tåka tett og vi ser så vidt bort til utedassen, 70 meter unna hytta.

Men når skodda lettar og ville tindar og nutar, som badar seg i sollys, kjem til syne, ja då er Fannaråken ein fantastisk plass, med enorm utsikt! Mot vest, dei ville Skagadølstindane, sør mot Falketind, aust mot Smørstadbreen og Storebjørn, og i nord skimtar ein dronninga, Lodalskåpa. Når det lid mot kveld, turistane er blitt mata, og oppvasken er på hell, er også sola på veg ned. Som takk for ein strålande dag, vert vi vitne til ein unik, men alltid forskjellig solnedgang. Det kan ikkje forklarast verbalt, det MÅ opplevast!
Soloppgang i Jotunheimen

7 dagar på Fannaråken er varierte, spennande og lærerike

Første innlegget

Velkommen til min nye blogg!

Har tenkt på å skaffe meg blogg ein stund, så endelig er eg med.
Vil prøve å publisere litt av det eg driv med til dagleg, tankar og refleksjonar over livet og ting som opptar meg. Det kan spenne seg frå turrapportar til politisk meiningar, men også spekuleringar over daglegdagse ting. Tida vil vise.

Håpar du tar ein titt innom sida i blant og skriv gjerne kommentarar!



desember 2006
ma ti on to fr
1
2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19
20
21 22 23 24
25 26 27
28
29
30 31
img