Slik skal det ikkje gjerast
Hadde eit lite uhell forrige veke. Vi gjekk Utvikfjellet på langs, med Bre og Fjell klassen her på Nordfjord. Ein fin tredagarstur i flott vintervær. Det som ikkje var like kult, var at eg fekk ei lita frostskade på venstre storetå. Gjekk tydelegvis litt for lenge før eg fekk skikkeleg varme i føta, sjølv om eg hadde følelse heile tida. Ting skjer fort, og i situasjonar der ein må passe på 10 andre elevar, kan ein ofte sette seg sjølv i andre rekke. På bildet ser dette om mlig litt alvorleg ut, men under blodblemma var det heldigvis frisk hud. Før legen fann ut dette var det snakk om 3. eller 4. grads froskskade!

Men no er tåa på bedringens veg. Huda bjønne å komme på plass. Og eg kan bruke den som nomalt. Men eg må nok belage meg på ei oftare kald tå, og litt fleire førehandsreglar framover. Det er lurt å passe på seg sjølv.
Turen elles var svært fin. Nydeleg vær og fint laussnøføre. Bildet under: Soloppgang ved oppstigning til Dunheia. Snønipa og Skjorta i bakgrunnen.

Dagens moral: Hald deg varm på kalde dagar

Kommentarer:
Postet av: SveinArne
Steike, det der så ikke noe godt ut nei! Fikk ikke du noe lignende på svalbard også? Koster å være viking vøth :)
Postet av: Kjell Øystein
Ja fekk forfrysning på Svalbard også, men då på fingertuppane. Såg litt anleis ut den gongen, då vart det kvite blemmer. Kostar å vere kar ja. Men det er ikkje verdt å få frostskade!
Postet av: Marianne
Kjell Øystein!
Her er du jo! Jeg fant deg på siden til en i KRIK her i Trondheim! Så kult da!
Hvordan går det med deg?? Kjekt å være stip?
Stor klem
Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=3879997
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=3879997