Endeleg litt kvitt i jula (på 1000 moh)

Etter fleire dagar med regn, 6 grader, skodde, regn igjen og grøne marker vart tid i dag litt forandring. Romjula betyr som regel snø og ski, men i år måtte vi reise ekstra langt etter det. Ja heile 1 time og opp 1000 moh for å finne det kvite element.

I dag vart det skitur på the Nets, pluss ein far.

Pappa strynefjellet


Det var årets fyrste skitur på den karen, og måtte slite hardt for å halde følge med gutane sine. Men humøret var det ikkje noko å sei på.

Målet for turen var sjølvsagt turen, som ein blant anna lærer på ein friluftslivfolkehøgskule. Men vi ville også prøve å nå Krosshø på 1857 moh. Ein ukjend topp, nord for strynefjellesvegen. Etter to timars trasking vart det lunsjpause, men no vart skydekket lågare og vi såg kvitt, og berre kvitt. Etter rådslagning bestemte vi oss for å snu. Det var like greit for Arne, som kjende det ganske godt i beina, blir jo ikkje i så god form av å gå på Øytun Folkehøgskule. Det har blitt mykje innsitting, og lite tur på den karen, då det berre er lys tre-fire timar midt på dagen. Nok om det, vi la i veg nedover i flatt lys, men i glede over telemarksvingane.

arne strynefjellet

Arne i dårleg form

På veg ned, fann vi eit bratt heng, med gode mogelegheiter for hoppsvingar og anna sprell. Arne prøvde seg på ein liten dropp:

arne strynefjellet 2


Før vi kom ned igjen til Grotli vart det tid på ei skredøving, med sendar/mottak. Fattern fekk litt opplæring og vart for fengsla av dette supre instrumentet.

Ned var alle vel nøgde med dagen og vi køyrde heimatt til Stryn og middag til ho mor.

kø strynefjellet

Ein fin dag!

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=3306501
img