Adventus

Adventstida har vore allsidig, fri frå tentamenar og prøvar, men med nok av anna program. Kvar kveld har vi (stippane) lest julemysteriet av Jostein Gaarder, ganske arti! Det har blitt mykje mandariner, stearinlys, og ein del timar med syinnspurt på sysalen.

Sist laurdag hadde vi julefest/juleball på skulen. Det heile starta i kyrkja med ei adventssamling. Her ser du den maskuline delen av stipendiatar og sivilarbeidarar ved skulen fint pynta til fest.

Kara i kyrkja
f.v: Leif Egil, Nils Gunnar, Eivind og Gjermund

Etter dette var det julemiddag, underhaldning med blandt anna parodiering av elevar og ulike musikkinnslag, før kvelden vart avslutta med juletregang og sving. Kjekk kveld.

Har i haust blitt litt hekta av hekling. Det er ein fin pauseaktivitet. Det er enkelt og billig. Og kan skape varme hodeplagg, altså ein ganske fin ting.

kjell ø heklar

Det siste vi gjorde før vi tok juleferie, var hyttetur med klassen frå i går til i dag. Sjølv om det regna vart det litt skiståing, og ein del leik på Utvikfjellet. Nokre av gutta i klassen bygde hopp på taket og fekk fine svev:

hopping frå tak
Martin hoppar

Vi prøvde oss også på ein pyramide:
bre og fjell

No er tilbake i Stryn. Deilig med juleferie og forhåpentlegvis litt avslapping, og litt rolige dagar. Men det er ikkje sikkert at det slår til. I morgo blir det guttetur til Ålesund med russebilgjengen, på julehandel! Det blir stas. Og fredag og laurdag jobbings på Esso. MEN på søndag, då er det jul :)

Kommentarer:
Postet av: SveinArne

Skikkelig flashback å lese om juleavslutnigen, ligna veldig på sånn vi hadde det (i gamledager vettu! )
Virker som om du har hatt en finfin høst, og da er det jo bare å glede seg til våren, for den blir enda bedre!
Selv har jeg hatt ferie noen dager nå, og det anbefalles veldig!
God Jul til deg!

20.des.2006 @ 23:24:15
URL: http://folk.ntnu.no/sveinane

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=3212712
img