Mørketid og filosof

I dag er går sola under horisonten og forsvinn for oss her i nord. Det er ganske mørkt om dagane, spesielt når det ikkje er snø og når det regnar. Litt lyst når eg går til skulen, lyst fram til ca halv tre og mørkt når eg går heim igjen. Jada, sånn går no dagan. Lyset i mørket må vere den gode stemninga i kollektivet vårt. Her er det fellesmiddag kvar dag og stor-kaffikos-og-noko-attåt-faktor. Skal ikkje klage på det.

På skulen har eg starta eksamenslesing. Skal ha eksamen i ex-fil og programmering neste fredag, to på samme dag. Litt uheldig med den kombinasjonen, men det må no gå som det går. Har starta lesinga av filosofi denne veka og er djupt inn i sokrates, platon, kant, mfl. Prøver å få orden på alle tankane, ein del å halde styr på kan ein seie.
I all matematikken er det jo litt kjekt med litt forandring i lærestoffet, men blir fort trøtt av å berre sitte å lese og ikkje rekne.

Livet er fint i nord.

Solnedgang sett frå Senja tidlegare i haust :)

solnedgang senja

Kommentarer:
Postet av: Queta.

Mørketia og Nordlys er noe av det jeg savner :D
Savner Nord-Norge jeg..
Greit det er bikkje kaldt der oppe på vintern,men det er fint :D

21.nov.2007 @ 11:23
URL: http://queta.blogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5590963