Påskeferie i Troms ( i litt stusseleg vær)

Etter fjorårets fantastiske påske i lyngen ( 8 dagar med sol og kjempeføre) hadde eg håp om gjentaking denne påska også. Men eg må konstatere at været ikkje er på mi side denne påska. Har no vore her i 6 dagar, og sett sol i 2 timar (og det var i går).

Var fyrst på tur med Håkon og Anders sør på Lyngenhalvøya. Her overnatta vi 2 netter i telt, og låg stort sett i teltet. Været var dårleg, snøbyger og etter kvart regnbyger og lågt skydekke. Vi prøvde oss på ein topptur, men måtte snu på 600 moh, då vi ikkje såg stort. Passe våte reiste vi tilbake til Tromsø og kåken til Håkon for å tørke opp.

Etter eit døgn heime hos Håkon la vi ut på ny tur, denne gong til ei hytte på Kvaløya utafor Tromsø. Komforen var betraktelig større og det vart riktig så koselig med radio, gode middagar og fyring i ovnen. Her overnatta vi eit døgn og kom i går oss opp på Skittentind ( litt over 1000moh). Sikta var sånn passe, men føre var topp. Pudder ! Vi traffa faktiske mange tidlegare Nordfjord elevar på toppen, som også var på påskereuniontur i troms. arti.

I dag reiste Anders tilbake til bergen. Håkon skal lese (studere) resten av påska, mens eg skal på tur med brodern og to andre øytunelevar lenger inne i troms. Værmeldinga seier kuling og snøbyger dei neste dagane, så det spørs vel kor mange toppar vi kjem opp på. Vi skal til Rotsunddalen, og har håp om å ligge i ei gamme som
4H har bygd. Blir stas å treffe brodern igjen, og det blir utfordrande med enda meir vær...men det finst jo berre dårlege klær.

Onsdag om ei veke reiser eg tilbake til Vestlandet og er klar for siste innspurt på Nordfjord. 


God påske til alle! Og nyt finværet dei som har det.

  

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5226383