Førjulstid

Det nærmar seg jul med stormskritt og i den samanheng hadde og Eivind (sivilarbeidar på Nordfjord) julekortverkstad i dag etter lunsj. Det var bra og produktivt. Og litt gutteprat i tillegg.

julekort

Før mildværet og dei stygge varmegradene slo inn for verst her til lands for ei veke sidan, var det gode skiforhold i Gloppefjella. Fekk tid til 6 toppturar på 8 dagar, noko eg er stornøgd med. Det var relativt korte toppturar på eit par timar, men absolutt godkjendt likavel. Her er nokre bilder frå Svinestranda og Berdalsegga:

nils berdalsegga
nils gunnar

Hanna og Eirin
Eirin og Hanna

Hanna ski
Hanna på veg ned


I helga er det møte i ungdomspolitisk utval, og såleis ein tur på hotell igjen. Neste veke blir det tur til Hemsedal med klassen. Eigentleg på isklatring, men det blir nok skiståing, då isen ikkje har slått seg til ro endå. Snart er det jul og juleferie, det blir kjekt!

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=2945122
img