sol

No er sola komt tilbake i Tromsø, og dens varme og glede  vart observert på topptur forrige laurdag, på lille blåmann. Ganske deilig å sjå sola igjen her oppe, etter ca 2 mnd fråvær.

img7047

Innimellom alle reknestykka i kvardagen blir det ofte litt tur i helga. Bilde ovanfor og under er frå lille blåmann, mens neste bilde er frå kveldstur på rødtind, i måneskinn.

img7053

Rødtind er en svært enkel topp, ca 400 m og lett tilgjengeleg. Brukte ca 1 time opp og ok nedkøyring. Litt stein her og der, men det gjekk fint.

img7037

På sjølvaste soldagen hadde eg også bursdag ( og det var offentlig flaggdag...) så det vart litt feiring heime i boblehuset (der eg bur), med kaker og ild !

img7031

Fint det.

Mørketid og filosof

I dag er går sola under horisonten og forsvinn for oss her i nord. Det er ganske mørkt om dagane, spesielt når det ikkje er snø og når det regnar. Litt lyst når eg går til skulen, lyst fram til ca halv tre og mørkt når eg går heim igjen. Jada, sånn går no dagan. Lyset i mørket må vere den gode stemninga i kollektivet vårt. Her er det fellesmiddag kvar dag og stor-kaffikos-og-noko-attåt-faktor. Skal ikkje klage på det.

På skulen har eg starta eksamenslesing. Skal ha eksamen i ex-fil og programmering neste fredag, to på samme dag. Litt uheldig med den kombinasjonen, men det må no gå som det går. Har starta lesinga av filosofi denne veka og er djupt inn i sokrates, platon, kant, mfl. Prøver å få orden på alle tankane, ein del å halde styr på kan ein seie.
I all matematikken er det jo litt kjekt med litt forandring i lærestoffet, men blir fort trøtt av å berre sitte å lese og ikkje rekne.

Livet er fint i nord.

Solnedgang sett frå Senja tidlegare i haust :)

solnedgang senja

Kjæreste :)

Har fått meg kjæreste i løpet av sommaren. Kristine er ei veldig kjekk jente i frå Trondheim, som eg var stipp i lag med på Nordfjord FHS. Stas !

Bildet er tatt på Gjervasstind i Hurrungane i sommar, i lett snødriv!

Kjell ø og kristine


Ishavsvegen 35

Er no komt til Tromsø, der eg skal vere iallefall det neste året. Skal studere mattematikk på universitetet, og ser fram til det!
Bur i eit flott hus, i lag med 4 andre. Huset har to stuer, badstue, to bad, stor hage, garasje ++. Fin standard. Blir bra å bu i eit kollektiv, sosialt og fint.

Så det er berre å ta turen nordover. Billige billettar på www.norwegian.no!


Eik, Kristian og Håkon



Eik og Kristian på middagsbesøk!

Påskeferie i Troms ( i litt stusseleg vær)

Etter fjorårets fantastiske påske i lyngen ( 8 dagar med sol og kjempeføre) hadde eg håp om gjentaking denne påska også. Men eg må konstatere at været ikkje er på mi side denne påska. Har no vore her i 6 dagar, og sett sol i 2 timar (og det var i går).

Var fyrst på tur med Håkon og Anders sør på Lyngenhalvøya. Her overnatta vi 2 netter i telt, og låg stort sett i teltet. Været var dårleg, snøbyger og etter kvart regnbyger og lågt skydekke. Vi prøvde oss på ein topptur, men måtte snu på 600 moh, då vi ikkje såg stort. Passe våte reiste vi tilbake til Tromsø og kåken til Håkon for å tørke opp.

Etter eit døgn heime hos Håkon la vi ut på ny tur, denne gong til ei hytte på Kvaløya utafor Tromsø. Komforen var betraktelig større og det vart riktig så koselig med radio, gode middagar og fyring i ovnen. Her overnatta vi eit døgn og kom i går oss opp på Skittentind ( litt over 1000moh). Sikta var sånn passe, men føre var topp. Pudder ! Vi traffa faktiske mange tidlegare Nordfjord elevar på toppen, som også var på påskereuniontur i troms. arti.

I dag reiste Anders tilbake til bergen. Håkon skal lese (studere) resten av påska, mens eg skal på tur med brodern og to andre øytunelevar lenger inne i troms. Værmeldinga seier kuling og snøbyger dei neste dagane, så det spørs vel kor mange toppar vi kjem opp på. Vi skal til Rotsunddalen, og har håp om å ligge i ei gamme som
4H har bygd. Blir stas å treffe brodern igjen, og det blir utfordrande med enda meir vær...men det finst jo berre dårlege klær.

Onsdag om ei veke reiser eg tilbake til Vestlandet og er klar for siste innspurt på Nordfjord. 


God påske til alle! Og nyt finværet dei som har det.

  

kvardag

Ute er det regn, lågt skydekke og 9 grader. Graset er grønt, og nesten all snøen er vekke. Tragisk.

Denne veka var heile skulen på telemarkkurs i Hemsedal. Skulen budde på KRIK høyfjellssenter, mens vi stippane vart plassert på ei koseleg hytte 2 km lenger ned i dalen. Tirsdag og onsdag hadde eg instruksjon på C-nivå fram til lunsj. og frikøyring etter lunsj. veldig fint snø og mykje laust i skogen.
Torsdag og fredag hadde vi stippane kitekurs med Olav (lærar på Nordfjord) på Hemsedalsfjellet. Det var veldig arti og vi fekk kita mykje, i god vind. Andre gong eg prøver det, og har fått dilla.

arti når ein ligg med dragen to meter over bakken , og blir dratt bortover på skrå mens du kantar skikkeleg på skia og får god fart!

Ellers vart det tid til ei lita buldreøkt i garasjen til Rune (lærararen min då eg var elev). (som har eigen buldrevegg i garasjen sin!) , badstu på KRIK hotellet, kveldskøyring og anna sprell.

Denne helga har vore avslappande og roleg. I kveld skal vi lage pizza til 20 elevar i stippehuset. Det blir bra.

to bilder frå tafjordfjella

¨sving

ned frå nausthornet (1895 moh)

martin

ned frå Karitind (1982 moh).
Martin i siget

Ellers hadde vi kalde og fine dagar. Sol, blå himmel og temp ned mot -35 grader.

Slik skal det ikkje gjerast

Hadde eit lite uhell forrige veke. Vi gjekk Utvikfjellet på langs, med Bre og Fjell klassen her på Nordfjord. Ein fin tredagarstur i flott vintervær. Det som ikkje var like kult, var at eg fekk ei lita frostskade på venstre storetå. Gjekk tydelegvis litt for lenge før eg fekk skikkeleg varme i føta, sjølv om eg hadde følelse heile tida. Ting skjer fort, og i situasjonar der ein må passe på 10 andre elevar, kan ein ofte sette seg sjølv i andre rekke. På bildet ser dette om mlig litt alvorleg ut, men under blodblemma var det heldigvis frisk hud. Før legen fann ut dette var det snakk om 3. eller 4. grads froskskade!

blemme

Men no er tåa på bedringens veg. Huda bjønne å komme på plass. Og eg kan bruke den som nomalt. Men eg må nok belage meg på ei oftare kald tå, og litt fleire førehandsreglar framover. Det er lurt å passe på seg sjølv.

Turen elles var svært fin. Nydeleg vær og fint laussnøføre. Bildet under: Soloppgang ved oppstigning til Dunheia. Snønipa og Skjorta i bakgrunnen.

soloppgang utvikfjellet

Dagens moral: Hald deg varm på kalde dagar

Stas

eit par bilder frå dagens topptur på Strynefjellet

strynefjell

grålysning

strynefjell 4

blåtoner

strynefjell 2

nytt spor

strynefjell 3

mange nye spor

arne strynefjellet 3

ein bra dag

takk for turen arne og einar



Endeleg litt kvitt i jula (på 1000 moh)

Etter fleire dagar med regn, 6 grader, skodde, regn igjen og grøne marker vart tid i dag litt forandring. Romjula betyr som regel snø og ski, men i år måtte vi reise ekstra langt etter det. Ja heile 1 time og opp 1000 moh for å finne det kvite element.

I dag vart det skitur på the Nets, pluss ein far.

Pappa strynefjellet


Det var årets fyrste skitur på den karen, og måtte slite hardt for å halde følge med gutane sine. Men humøret var det ikkje noko å sei på.

Målet for turen var sjølvsagt turen, som ein blant anna lærer på ein friluftslivfolkehøgskule. Men vi ville også prøve å nå Krosshø på 1857 moh. Ein ukjend topp, nord for strynefjellesvegen. Etter to timars trasking vart det lunsjpause, men no vart skydekket lågare og vi såg kvitt, og berre kvitt. Etter rådslagning bestemte vi oss for å snu. Det var like greit for Arne, som kjende det ganske godt i beina, blir jo ikkje i så god form av å gå på Øytun Folkehøgskule. Det har blitt mykje innsitting, og lite tur på den karen, då det berre er lys tre-fire timar midt på dagen. Nok om det, vi la i veg nedover i flatt lys, men i glede over telemarksvingane.

arne strynefjellet

Arne i dårleg form

På veg ned, fann vi eit bratt heng, med gode mogelegheiter for hoppsvingar og anna sprell. Arne prøvde seg på ein liten dropp:

arne strynefjellet 2


Før vi kom ned igjen til Grotli vart det tid på ei skredøving, med sendar/mottak. Fattern fekk litt opplæring og vart for fengsla av dette supre instrumentet.

Ned var alle vel nøgde med dagen og vi køyrde heimatt til Stryn og middag til ho mor.

kø strynefjellet

Ein fin dag!

Glade søsken

glade søsken

Bror Arne er så glad kvar julekveld

liv rigmor dansar

Og Liv Rigmor framfører ballettdans på juleafta, i nye klede

Ja, det er kjekt med søsken

Adventus

Adventstida har vore allsidig, fri frå tentamenar og prøvar, men med nok av anna program. Kvar kveld har vi (stippane) lest julemysteriet av Jostein Gaarder, ganske arti! Det har blitt mykje mandariner, stearinlys, og ein del timar med syinnspurt på sysalen.

Sist laurdag hadde vi julefest/juleball på skulen. Det heile starta i kyrkja med ei adventssamling. Her ser du den maskuline delen av stipendiatar og sivilarbeidarar ved skulen fint pynta til fest.

Kara i kyrkja
f.v: Leif Egil, Nils Gunnar, Eivind og Gjermund

Etter dette var det julemiddag, underhaldning med blandt anna parodiering av elevar og ulike musikkinnslag, før kvelden vart avslutta med juletregang og sving. Kjekk kveld.

Har i haust blitt litt hekta av hekling. Det er ein fin pauseaktivitet. Det er enkelt og billig. Og kan skape varme hodeplagg, altså ein ganske fin ting.

kjell ø heklar

Det siste vi gjorde før vi tok juleferie, var hyttetur med klassen frå i går til i dag. Sjølv om det regna vart det litt skiståing, og ein del leik på Utvikfjellet. Nokre av gutta i klassen bygde hopp på taket og fekk fine svev:

hopping frå tak
Martin hoppar

Vi prøvde oss også på ein pyramide:
bre og fjell

No er tilbake i Stryn. Deilig med juleferie og forhåpentlegvis litt avslapping, og litt rolige dagar. Men det er ikkje sikkert at det slår til. I morgo blir det guttetur til Ålesund med russebilgjengen, på julehandel! Det blir stas. Og fredag og laurdag jobbings på Esso. MEN på søndag, då er det jul :)

Førjulstid

Det nærmar seg jul med stormskritt og i den samanheng hadde og Eivind (sivilarbeidar på Nordfjord) julekortverkstad i dag etter lunsj. Det var bra og produktivt. Og litt gutteprat i tillegg.

julekort

Før mildværet og dei stygge varmegradene slo inn for verst her til lands for ei veke sidan, var det gode skiforhold i Gloppefjella. Fekk tid til 6 toppturar på 8 dagar, noko eg er stornøgd med. Det var relativt korte toppturar på eit par timar, men absolutt godkjendt likavel. Her er nokre bilder frå Svinestranda og Berdalsegga:

nils berdalsegga
nils gunnar

Hanna og Eirin
Eirin og Hanna

Hanna ski
Hanna på veg ned


I helga er det møte i ungdomspolitisk utval, og såleis ein tur på hotell igjen. Neste veke blir det tur til Hemsedal med klassen. Eigentleg på isklatring, men det blir nok skiståing, då isen ikkje har slått seg til ro endå. Snart er det jul og juleferie, det blir kjekt!

Akrobatikk

Akrobatikk

Leif Egil på Kattanakken i Stryn.

Honndalsrokken

Laurdag var Kristine, Hanna, Arne og meg på Honndalsrokken. Flott og markert fjelltopp i Hornindal Kommune, på 1529 moh. Kristine og Hanna er stipp i lag med meg på Nordfjord FHS.

Vi hadde litt regn, men mest opplett. Utsikta var ikkje den store frå toppen, men fint likavel.
Honndalsrokken - toppbilde

Neste helg har eg invitert stippane + sivilarbeidarene ved Nordfjord heim til Stryn. Gledar meg til ei fin helg!

Om meg

Mitt profilbilde

Nick: Kjellis

Fra: Stryn

Kjønn: Gutt

Født: 1986

Mer...

februar 2008
ma ti on to fr
       
1
2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29